
Stiller klare krav til ny regjering
Partileiar Audun Lysbakken har heile partiet bak seg i å kaste dagens regjering. Til forhandlingar om ny regjering stiller SV fem krav.
Det skriv SV i ei pressemelding etter landsmøtet i helga.
- Vi tek kampen mot ulikskap og fattigdom. Difor vil SV auke barnetrygda. Dette er eit viktig krav også for alle dei 1600 barna som lever i fattige familiar i Sogn og Fjordane, seier Vibeke Johnsen, fyrstekandidat til Stortinget.
Fleire lærarar
- I tillegg vil vi bekjempe farlige klimaendringar ved å gå frå olje til nullutslepp, vi vil ha fleire lærarar, ein profittfri velferd og vi vil støtte eit internasjonalt forbod mot atomvåpen, slår Vibeke Johnsen fast.
SV-landsmøtet seier nei til tvangssamanslåing av fylke og kommunar. Ved eit nytt fleirtal etter valet vil SV nullstilla regjeringas regionreform.
- Vi vil også omgjere alle tvangssamanslåingar av kommunar som kommunestyre ynskjer omgjort, heiter det i pressemeldinga.
- Dette er er eit viktig vedtak for Sogn og Fjordane, saman med at SV slår fast at politireforma er ei sentraliseringsreform og vil gje mindre politi i nærmiljøet. SV vil difor reversere reforma, seier Vibeke Johnsen.
- SV går til val på svært god nynorskpolitikk og god landbrukspolitikk for Sogn og Fjordane og heile landet, seier Vibeke Johnsen.
Les meir om: