MYKJE SNØ: Det er fire meter høge brøytekantar på Vikafjellsvegen. Biletet er teke måndag kveld i Fossesvingane fem kilometer sør for Storehaugtunnelen. (Foto: Eirik Stadheim, Stokkebø maskin)

Stengt i snart ei veke: - Har vore svært vanskelege forhold

Måndag vart delar av vegen over Vikafjellet brøytt. Tysdag hadde vinden fylt vegbana med snø att.

Publisert 30.01.2018 kl. 11.54. Oppdatert kl. 12.12.

- Dei brøyter frå hordalandssida. Tanken var å brøyta til Kvilesteinskrysset. Dei hadde vore og brøytt i går, men då dei kom opp att i dag, var sporet heilt fylt att med snø, fortel Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

VURDERER FORHOLDA: Geolog Ingrid Bjørnerheim Hynne var måndag på Vikafjellet for å vurdera skredfaren i Ygnesdalshammrane. Vegvesenet har hatt geologar på fjellet nesten kvar dag den siste tida. (Foto: Gunnar Kleven)

Høge brøytekantar

Han opplyser at det er fire meter høge brøytekantar langs riksveg 13 over fjellet og at det er stor skredfare.


- Det har kome mykje nysnø som har laga skavlar, og me ser at det losnar felt der dei driv og brøyter.


Det vert no jobba med mål om å kunna opna vegen torsdag.


- Me ventar at vêret stabiliserer seg dei neste to dagane, og at me kan opna vegen att torsdag.


Sprengjer skavlar

Tysdag er geologar frå vegvesenet oppe på fjellet saman med entreprenøren for å sprengja ned skavlar.


- På vikjasida er me no oppe og sprengjer ned skavlar ved tunnelen, seier Finden og fortel at tunnelmunningane var fulle av snø.


- Seinare i dag skal me ta ned skavlar i Ygnesdalshamrane, fortalde han tysdag føremiddag.


Vegvesenet nyttar snøskuter for å koma fram til dei skredfarlege områda.


Stengt ei veke

Vegen over Vikafjellet har vore stengd sidan midnatt 24. januar. Eit større ras i Kvassdalen på hordalandssida av fjellet vart rydda i løpet av helga.


- No er det snømengda på fjellet og skredfaren der som er problemet, spesielt langs Skjelingavatnet er det ein del skredfare, opplyser Finden.


Vegvesenet har hatt geolog på Vikafjellet nesten dagleg den siste tida for å vurdera forholda.


- Vegvesenet har full tillit til brøytemannskapet, og dei gjer ein svært god jobb. Men det har vore svært vanskeleg forhold desse dagane. Geolog frå vegvesenet har vore på fjellet nesten kvar dag. Det er geologane og vegvesenet, saman med brøytemannskapet, som vurderer kva dei kan gjera.


Over 400 timar

Så langt denne vinteren har riksveg 13 over Vikafjellet vore stengd 404 timar fram til han vart stengd 24. januar. Første gongen vegen måtte stengjast denne vinteren, var 17. november. Vegen har vore kolonnekøyrd 151 timar, første gongen denne vinteren 10. november.


- I år har det vore ein litt tyngre vinter, med mykje vêr og vind. 2013 var ein stabil vinter, men svært lite stenging av fjellovergangen, og det ser me òg på trafikktala. Då var det merkbart større trafikk over Vikafjellet enn kva det har vore dei siste åra når me har hatt mykje stenging, seier Finden.