GRAVING: Det er ein vassleidning som skal skiftast ut under vegen. (Foto: Statens vegvesen)

Stengjer vegen gjennom sentrum natt til laurdag

Publisert 14.06.2018 kl. 12.38.

Gravensteinsgata i Sogndal vert stengd for større bilar ved Solhov natt til laurdag 16. juni. Stenginga vil vara frå klokka 24 til 05, opplyser Statens vegvesen.


Det er ein vassleidning som skal skiftast ut under vegen. Personbilar blir dirigerte forbi på gang- og sykkelvegen, medan større køyretøy må venta til jobben er gjort.


Vegvesenet orsakar ulempene stenginga medfører, og ber folk om å planleggja reisene sine.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal

Siste saker Gå til framsida