Stengjer rv. 55 ved Nornes grunna vegarbeid

Publisert 25.01.2018 kl. 11.42.

Riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal blir stengd ved Nornes i periodar på inntil 30 minutt torsdag ettermiddag og kveld grunna vegarbeid.


Det skal asfalterast, og arbeidet er planlagt å gå føre seg frå klokka 13 til 19 torsdag, vert det opplyst frå Vegtrafikksentralen.


Rutegåande trafikk og utrykningskjøretøy vil kunne passera.


Siste saker Gå til framsida