RAS: Slik ser det ut på rasstaden Finnsåstunnelen på fv. 53 i Årdal ei veke etter at raset gjekk. (Foto: Elin Hæreid)

Opnar neppe før helga

Den rasstengde vegen vert truleg ikkje opna før tidlegast laurdag.

Publisert 11.01.2018 kl. 14.14. Oppdatert kl. 15.04.

Tidlegare har torsdag eller fredag vore eit forsiktig anslag i høve til når vegen kunne opnast igjen, men byggjeleiar i Statens vegvesen, Rune Dvergsdal, opplyser til Sogn Avis klokka 13.30 torsdag at det i alle fall ikkje blir opning i dag. Truleg heller ikkje i morgon fredag.


Ventar på klarsignal

- Me ventar no på ein geolog som skal gje klarsignal slik at me kan ta til med ryddearbeidet, men me kjem uansett til å halda fram spylinga utover dagen i dag, det står att noko småpuss langs sidene, seier Dvergsdal.


Spyling av lausmassar oppe i raset kom først i gong onsdag ettermiddag, då med visse startvanskar, etter at vassposen rauk og måtte på reparasjon hjå Indre Sogn ASVO.


Torsdagen har arbeidet gått føre seg i eitt utan problem, opplyser Dvergsdal.


Artikkelen held fram under videoen



 I AKSJON: Heikopteret i aksjon i Årdal onsdag. (Film: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)


- Vanskeleg å spå

- Så snart me får klarsignalet, byrjar me å rydda. Maskiner og utstyr står klare, fortel han, som reknar med at det er ein god dags arbeid berre å få rydda vegen.


- Det er utruleg mykje masse, så det vil nok ta litt tid. Me veit heller ingenting om tilstanden vegbana er i, men akkurat det trur eg skal gå greitt. Det får me nok ordna opp i ganske kjappt, sjølv om det skulle vera litt småskader, seier han, og legg til at dersom vegen opnar fredag, blir det i såfall ganske seint på dagen.


- Det er vanskeleg å spå, eg er usikker, må eg berre tilstå, fordi me er avhengig av at det er så trygt som mogleg for dei som skal utføra arbeidet. Difor er det vanskeleg å seia om det blir laurdag eller søndag eller over helga eller kva det blir.


- Eitt av dei verste

Når vegen først opnar, vil det framleis vera med såkalla redusert framkommelegheit. Det vil nemleg verta stengd i periodar fordi opprydningsarbeid går føre seg.


- Det skal vera folk oppe i raset og arbeida, og me skal ha sett opp fanggjerdet, så det blir nok redusert framkommelegheit ein månadstid framover, slik at vegen vert opna på visse tidspunkt - det kjem me attende med informasjon om. No konsenterer me oss om å få sikra først og så rydda, seier Dvergsdal, som sjølv etter lang fartstid i vegvesenet aldri har vore borti noko liknande.


- Eg har no vore med på ein del ras og slikt gjennom åra, men dette er nok eit av dei verste - eller vanskelegaste - områda eg har vore borti. Dette har vore vanskeleg, det må eg seia. Det viktigaste for oss er at me får gjort det så trygt som me kan gjera det for dei som skal jobba i området og for dei som skal ferdast der, seier Dvergsdal.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Årdal

Siste saker Gå til framsida