Steinblokker stengjer fv. 55 i Lom

Publisert 14.09.2018 kl. 13.28.

Store steinblokker har rasa ned på fylkeveg 55 mellom Rustadsæter og Bøvertun i Lom, melder Gudbrandsdølen Dagningen.


- Fleire store steinblokker ligg i vegbana, og det er ikkje mogeleg å køyra forbi, opplyste Per Solberg, operasjonsleiar hjå politiet i Innlandet til avisa i 11-tida fredag.


Vegvesenet melder at vegen ikkje vil bli opna att fredag.


Les meir om: Nyhende Notis Luster Trafikk

Siste saker Gå til framsida