TØFFE TAK: Ole Karsten Birkeland rektor ved Sogndal folkehøgskule får mindre å rutta med om regjeringa får gjennom sitt framlegg til statsbudsjett. (Foto: Arkiv)

Langt tøffare for folkehøgskular

- Dette vil gjera det vanskelegare å driva skulen vår.

Publisert 13.10.2017 kl. 15.09. Oppdatert kl. 17.38.

Det seier Ole Karsten Birkeland som er rektor ved Sogndal folkehøgskule. Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ikkje lystig lesnad. Dei legg opp til kutt på 45 millioner for folkehøgskulane.


Konsekvensar

For Sogndal folkehøgskule betyr dette at dei må greia seg med kring 400.000 kroner mindre.


- Generelt er framlegg svært dårleg for folkehøgskulane, seier Birkeland, som har 93 elevar ved skulen dette skuleåret.


Kuttet er tredelt: Regjeringa foreslår å kutta i støtta til folkehøgskulane med 25 millionar. I tillegg er det planar om kutt i studiestøtta til elevane. Dette fører til eit totalt kutt på elleve millionar. Regjeringa tek ikkje høgde for elevveksten skulane har hatt dei siste åra. Som følgje av det, vantar nye ni millionar i budsjettet. Framlegg til kutt kjem i ei tid der folkehøgskular er meir populære enn nokon gong. Denne hausten starta over 7.700 elevar på skular rundt om i landet og det er ny rekord for tredje år på rad.


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal Ung

Siste saker Gå til framsida