SATSING: Born skal få nyhende på nynorsk, både på nett og papir. Her frå lanseringa av framtidajunior.no tysdag. (Pressefoto)

Startar verdas første nynorske papiravis for barn

I november kjem den første utgåva av den nynorske papiravisa for barn.

Publisert 18.10.2017 kl. 20.30. Oppdatert kl. 20.36.

Nettstaden framtidajunior.no vart lansert tysdag, og om nokre veker blir altså papiravisa lansert.


- Me vil laga eit tilbod er så spennande og godt at borna vil ha lyst til å bruka det i fritida - og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.


Blant avisene som bidreg til Framtida junior, er Sogn Avis.


- Me er ei av dei største nynorskavisene i landet og me brukte ikkje lang tid på å svara ja då me fekk spørsmål om me ville vera med på dette spennande prosjektet. Sjølvsagt er det også viktig for oss, kanskje viktigare enn nokon gong, å tenkja på dei komande generasjonar avislesarar, seier ansvarleg redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.


Ønskjer tips

Han meiner avisa ikkje er så verst på å skriva om saker som opptek born, men no blir redaksjonen tvinga til å tenkja grundigare gjennom dette.


- Det skal bli moro og vonleg vil det gjera også Sogn Avis meir attraktiv for denne lesargruppa, seier Fardal.


Første helga i november kjem Framtida junior som papiravis. Det er ei abonnementsavis på der hovudmålgruppa er born frå sju til 12 år. Avisa kjem ut kvar 14. dag, med nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, teikneseriar, kvissar og mykje anna unikt innhald. Håpet er også at dette kan vera interessant i undervisning på grunnskulen og at det blir bestilt klassesett.


Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Framtida.no. Sogn Avis skal i utgangspunktet bidra med to sider til kvar utgåve.


- Det vil som oftast handla om ein reportasje frå vår region. Så folkens, tips oss om du veit om noko som kan vera interessant for born, seier Fardal.


Han ser fleire grunnar til at det er viktig med avis på nynorsk for barn.


- Ein er å gjera ungane kjende med kva ei avis er og kvifor det er viktig at me har aviser også i framtida. Me vonar sjølvsagt også at denne satsinga skal bidra til å styrkja nynorsk som skriftspråk. Gjennom Aftenposten Junior har bokmålselevar eit godt tilbod på papir. Eg skal ikkje leggja skjul på at me har von om at dette skal bli eit like interessant og godt tilbod på nynorsk. Skal me få det til, treng me innspel og tips frå både store og små om saker og tema me bør skriva om, seier Fardal.


Stort behov

Ei undersøking på barneskular i nynorskområde, viser at 97 prosent av kontaktlærarane ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.


- Dette viser at det er eit stort behov for fleire tilbod på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker.


Tysdag blei nettsidene lansert på Sagvåg skule på Stord.


Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget har tatt initiativ til storsatsinga. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest støttar oppstarten.


- Me er veldig glade for spleiselaget me har fått til, seier Svein Olav B. Langåker.


Landssamanslutninga av nynorskkommunar har drive med digitale satsingar retta mot barn og unge i over 20 år. Framtidajunior.no er den største satsinga sidan Framtida.no blei starta for sju år sida. Nyhende- og debattavisa for ungdom har opplevd ein stor auke i brukartalet, og har så langt i år hatt over ein halv millionar brukarar innom nettsidene sine.


Les meir om: Nyhende Ung Nynorsk Oppvekst

Siste saker Gå til framsida