Stal kredittkort og tok ut kontantar

Publisert 09.01.2017 kl. 19.37.

Først stal han eit kredittkort så oppsøkte han fleire minibankar i Bergen og andre stadar for å skaffa seg pengar han ikkje eigde. Til saman fekk han tatt ut over 30.000 kroner.


I retten


I Sogn tingrett tilstod mannen som jobbar ved ei verksemd i Sogn syndene sine. Det gjekk også tydeleg fram av overvakingskamera at det var han som tok ut pengane.


No må 26-åringen betala attende pengane til banken og mannen han svindla, i tillegg har han fått ein dom på rullebladet med to år fengsel på vilkår.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida