GÅR NED: Samtlege aviser i fylket hadde i 2017 færre abonnentar på papiravisa enn året før. (Foto: Mariann Skau)

Stadig fleire vil ha avisa digitalt

Opplagstala for avisene i Sogn og Fjordane i 2017 syner at mange vel å lesa lokalavisa si digitalt.

Publisert 07.03.2018 kl. 11.23.

Fem aviser i fylket hadde i 2017 auke i det godkjende totale opplagstalet, som er både papirabonnement og digitale abonnement, men alle avisene hadde nedgang i talet på papirabonnentar.


Problem med distribusjon

Leif Johannes Lunde, dagleg leiar i Sogn Avis, meier det er fleire grunnar til at folk heller vel å abonnera på avisa digitalt, mellom anna distribusjonsproblema som har råka avisene i starten av fjoråret.


- Me vart hardt råka då Kvikkas tok over avisomberinga. Sogn var eitt av dei hardt råka områda med logistikkproblem. Det kan vera ein av grunnane til at folk heller vel digitalt abonnement.


Sogn Avis hadde i 2017 eit godkjent totalt opplag på 8.772. Det er ein tilbakegang på 221 frå året før.


- Av papirabonnentane me mista i fjor, har 75 prosent gått over til digitalt abonnement på avisa, opplyser Lunde, men strekar under at papirutgåva til Sogn Avis framleis står sterkt. 


- Tøft å stå åleine

Firda miste nesten like mange papirabonnentar som Sogn Avis i 2017, men medan Sogn Avis også går i minus på det totale opplagstalet, hadde Firda ein auke på 71.


- Me heng etter digitalt, og me var seine med å innføra pluss-løysing på nettavisa. Amedia, som Firda er ein del av, har fått eit løft for alle sine aviser. Me har òg prøvd på dette, men det er tøft å stå åleine i denne prosessen, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis.


Opplagstala for avisene i Noreg vart offentleggjorde i dag, onsdag.


- Det er ikkje kjekke tal for oss. Me hadde ein nedgang i fjor òg, men ein oppgang året før, opplyser Fardal.


Totalt opplagstala for avisene i fylket i 2017:


Firda: 10.944 (+71)


Firda Tidend: 2.853 (-53)


Firdaposten: 4.749 (+42)


Fjordabladet: 2.470 (+34)


Fjordenes Tidende: 4.472 (+ 69)


Fjordingen: 3.734 (+13)


Sogn Avis: 8.772 (-221)


Ytre Sogn Avis: 1.415 (-42)


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida