Spekkhoggarar tok sel i Sogndalsfjorden

Ein flokk spekkhoggarar forsynte seg måndag av matfatet i Sogndalsfjorden.

Publisert 23.01.2018 kl. 11.22.

- Det var ei oppleving for livet, fortel Steinar Holme, som filma spekkhoggarflokken som vitja Sogndalsfjorden måndag.


Åt sel

Han var på jobb då han fekk telefon frå kona om at noko var på gang i fjorden.


- Eg har lenge hatt lyst til å sjå spekkhoggarar, og eg har bomma mange gonger. Denne gongen var eg på jobb, men eg gav f., kom meg avgarde og heiv meg i båten.


Spekkhoggarane var observert ved Nornes på veg innover. Holme fekk meg seg ein til og så for dei inn til Eidet for å sjå. Der var det ingen spekkhoggarar.


- Då såg me ein båt på motsett side, og der var spekkhoggarane. Dei hadde då nett teke ein sel som dei dreiv og åt på.


Holme fortel at dei ikkje ville gå for tett på dyra medan dei åt, men han fekk likevel fanga hendinga på film.


- Spekkhoggarane låg om lag midt i fjorden medan dei åt, kanskje litt nærarar Kjørnes enn Fjøra.


Flokken var, ifølgje Holme, på kring sju dyr. Det var to fullvaksne dyr og to små kalvar.


- Den største var om lag seks meter lang, han var diger. Det er ei enorm oppleving å koma så tett på.


- Vel verdt

Ifølgje det Holme har høyrt, er det ikkje kjent at spekkhoggarar har vore inne i Sogndalsfjorden på ein mannsalder.


Holme har også freista å søkja på nettet etter dokumentasjon på at spekkhoggarar har teke sel i Noreg.


- Eg fann berre ein film på nettet. Det er ikkje så ofte dette er dokumentert i Noreg.


Steinar Holme følgde spekkhoggarflokken i båt ut att til Nornes.


- Der dukka dei under, og då dei kom opp att, var dei komne til Fimreite. Dei kjem fort og reiser fort.


Holme angar ikkje på at han heiv seg rundt og reiste for å finna spekkhoggarane.


- Det var vel verdt å stikka av eit par timar frå arbeid for å få det med seg.


Sjå video, filma og redigert av Steinar Holme, øvst i denne saka.


Siste saker Gå til framsida