UTANFOR FYLKET: - Me har no om lag 42 prosent av bustadlåna våre utanfor Sogn og Fjordane, og kjøpet av Eiendomskreditt sin portefølje styrkar denne satsinga vidare, seier administrerande direktør, Trond Teigene. (Pressefoto)

Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper portefølje på 535 millionar kroner

Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper bustadlånportefølje frå Eiendomskreditt.

Publisert 14.06.2018 kl. 11.30.

Eiendomskreditt si portefølje utgjer om lag 535 millionar kroner, og Sparebanken Sogn og Fjordane overtar ho i løpet av juni.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i Norge og har over mange år satsa på bustadfinansiering med heile landet som marknadsområde, går det fram av ei pressemelding frå banken.

- I tillegg til kjerneområdet vårt, Sogn og Fjordane, har me dei siste 20 åra hatt ein strategi på vekst på landsbasis i privatmarknaden. Dette gjer me for å sikra eit godt overskot for banken, som igjen kjem fylket til gode, mellom anna via gåver og sponsormidlar. Strategien sikrar òg at banken har størrelse og musklar til å vera næringsbanken som satsar på fylket vårt, seier administrerande direktør, Trond Teigene, og legg til.

- Me har no om lag 42 prosent av bustadlåna våre utanfor Sogn og Fjordane, og kjøpet av Eiendomskreditt sin portefølje styrkar denne satsinga vidare.


Les meir om: Nyhende Økonomi

Siste saker Gå til framsida