Sp skuffa over breiband-satsinga

Publisert 12.10.2017 kl. 11.48. Oppdatert kl. 12.13.
- Viktige infrastrukturtiltak for å skape busetjing, vekst og utvikling i heile landet er blitt nedprioritert. Særdeles skuffande er det at tilskot til breibandsutbygging har gått ned fra 138,7 mill til 69,7 mill. Dette er ei halvering av satsinga på digital infrastruktur, skriv politisk rådgjevar Aleksander Øren Heen i Sp stortingsgruppe i ei pressemelding etter at  regjeringa la fram statsbudsjett torsdag.

- I trontalen sa regjeringa at dei ville auka farten på digitaliseringa av Noreg, dette budsjettet heng ikkje i hop med dei lovnadene. Med dette investeringsnivået på breiband vil det gå 90 år før heile landet har tilgang til breiband med god kapasitet, det er rett og slett ikkje haldbart, seier Ivar Odnes, Sp`s medlem i Transport og kommunikasjonskomiteen i pressemeldinga.

 


Siste saker Gå til framsida