GÅVMILD: Sondre Holm Carlsen valde å gi halve sommarinnsatsen til arbeidet med slumbarn i Uganda. (Foto: Privat)

Sondre (16) gav halve sommarløna til born i Uganda

16 år gamle Sondre gav halve sommarløna til borna i prosjektet til Bjørn Skovly i Uganda.

Publisert 12.09.2017 kl. 13.30. Oppdatert kl. 14.34.

Bjørn Skovly har opplevd både tunge stunder og rørande augneblink i sitt arbeid med barna i slummen i Uganda.

HÅP: Hildah Migadde kan no byrja på skule, takka vera ein fadder på Hafslo. Men for ei mamma som tener nokre små shilling i haustsesongen for kaffi, er det umogleg å klara skulepengane. Nå blir livet snudd opp ned for vesle Hildah. (Foto: Privat)

Ikkje førebudd

Han var langt mindre førebudd på å bli sett ut på Hafslo.


- Korleis kan ein tru det er mogleg, når ein 16-åring som har tent 21.000 etter ein lang sommarjobb er fast bestemt på å gi halvparten til arbeidet i Uganda, spør Skovly.


Bjørn K. Skovly kan knapt fatta det er sant. Men det var altså same Sondre Holm Carlsen som tilbaud seg å vera med å gå med bøsse i fjor, som kom med denne gåva.


Var til å stole på

- Eg har høyrt om arbeidet, og såg at pengane kom dit der dei skulle og vart brukt på ein god måte. Då synest eg det er viktig å gi så det monnar, seier Sondre.


Han likar ikkje heilt at det vert noko blest om bidraget, men når det kan inspirera andre, er det greitt.


- Eg har lært at dette gir mat, trygg helse og skulegang til ungar som manglar alt. Eg skjønar jo også at ikkje alle kan gjera som Bjørn, som er så mykje i Uganda og jobbar. Men eg synest alle skal vera med og bidra, seier han. Kontonummeret er til aksjonen er 3785 11 45630.


Bjørn K. Skovly sjølv veit ikkje heilt kva han skal seia.


- Det er nesten uforståeleg, men fantastisk, det Sondre har gjort. Denne store gåva betyr for eksempel at 24 ungar kan få to varme måltid kvar dag eit heilt år. Det er så viktig, fortel Skovly og held fram at er det noko me veit så er det at svoltne barn lærer ikkje.


Fem nye fadrar

Sist veke skreiv Sogn Avis om aksjonen der sogningar gir bidrag til arbeidet for dei verst utsette borna i Uganda. Då starta også innsamlingsaksjonen, som vil gå utover i september. Starten på Hafslo gjekk svært bra, så bra at det også kom fem nye fadrar som kvar vil betale for sitt namngjevne fadderbarn. Takka vera 250 kroner månaden frå kvar av dei nye fadrane, kom fem små jenter vekk frå slummen og får vaksinar, klede, mat og skulegang.


- Eg er så stolt over å vera sogning. Det eg opplever av støtte på alle måtar er nesten ikkje til å tru, fortel Skovly, som verkeleg har fått oppleva at det vert gjeve eit handslag frå Sogn til Uganda, som gir nye liv der alt håp syntest ute.


- For meg er bodskapen så enkel, seier han. Ingen barn fortener å ha det vondt, og situasjonen er aldri borna si skuld.


Les meir om: Nyhende Luster Oppvekst

Siste saker Gå til framsida