SIGER: Sogndal 2 var i aksjon før helga. (Foto: Elin Hæreid)

Solid siger over Brann

Publisert 18.02.2018 kl. 18.14. Oppdatert kl. 18.22.

Anders Nord med nummer 9 på ryggen blir gratulert med skåring av Sixten Dale Jensen, som også noterte seg for eit mål då dei nest beste hjå Sogndal og Brann møttest til treningskamp i Sognehallen fredag kveld.


Sogndal 2 til slutt vann heile 5-2 etter å ha leia 3-1 til pause. Fredrik Flo, Mathias Sundberg og Erlend Hanssen Grov stod bak dei tre andre måla til heimelaget.


Også laurdag var det treningskamp i hallen. Det enda med 5-1 siger i årets første lokaloppgjer i 4. divisjon då Fjøra og Studentspretten møttest til treningskamp laurdag. Fjøra tok leiinga etter få minutt og skåra to til i løpet av første omgang, slik at stillinga var 3-0 til pause. Tidlegare Fjøraspelar Gøran Wigum (midten) er trenar for Studentspretten. Han seier til nettstaden Porten.no at 5-1 ikkje gjev eit rett bilete av kampen.


- Eg tykkjer at me var det førande laget i denne kampen, seier Wigum.


 


Siste saker Gå til framsida