ROLLER: Mathilde Evjen, Frida Selch Thuestad, Miriam Tjugum, Ranveig Øren, Thea Berg og Jenny Hatlelid Holsæter spelar alle i den storslagne musikalen Moulin Rouge ved Firda vgs. (Foto: Privat)

Sogningar på scena i musikal

Tre sogningar har sentrale roller i Moulin Rouge.

Publisert 21.01.2018 kl. 19.30.

Når Firda vgs sett opp den kjente musikalen Moulin Rouge, finn me tre sogningar i sentrale rollar.


Thea Berg (18) frå Øvre Årdal spelar Gigi, ein av hovudsongarane ved Moulin Rouge. Ranveig Øren (18), også frå Øvre Årdal, spelar Toulouse, leiaren av teatertruppen, mens Miriam Tjugum (18) frå Balestrand spelar hovuddansar Ivona.


Musikalen er lagt til slutten av 1800-talet til det bohemske miljøet ved ein nattklubb i Paris. Her blir publikum kjende med ei vakker songarinne, Satine, som forelskar seg i ein ung forfattar frå London, Christian. Men bak kulissane rådar sjalusien, heiter det i ei pressemelding frå Firda vgs.


- Min karakter, Gigi, er rivalen til Satine. Ho vil ikkje at Satine skal spolera sjansen til alle som jobbar ved Moulin Rouge som er i pengenød, ved å rota seg vekk i kjærleiken, forklarer Thea som går tredje året på musikklinja ved Firda. 

HOVUDROLLER: Emma Nygaard Sætren frå Stryn og Jakob Angvik Helgheim frå Naustdal har hovudrollene Satine og Christian i Moulin Rouge. (Foto: Privat)

Også Miriam sin karakter Ivona, som er hovuddansar ved Moulin Rouge, blir etter kort tid rival til hovudrolla Satine.

- Dette er fordi Satine sine handlingar gjer at eg og resten av dansarane kan mista jobben, så eg gjer det eg kan for å sabotera for henne, seier Miriam som meiner musikalen tek opp mange aktuelle tema.

- Musikalen tek opp tema kring kjærleik, og ikkje minst kor langt ein kan gå for å nå draumen sin, seier Miriam som også har følgt draumen sin.

- Eg ønskte å utvikla meg meir innan kreative og skapande fag, og då vart danselinja på Firda vgs det riktige valet for meg, seier ho.

Ranveig derimot valte dramalinja og spelar ein av støttespelarane til Christian, og ønskjer at han skal få setja opp eit stykke på Moulin Rouge med Satine i hovudrolla.

- Min karakter Toulouse er leiaren i teatertruppen og er ein glad person med masse energi og store draumar, seier Ranveig som går tredje året på dramalinja ved Firda.

Thea, Miriam, Ranveig og deira medelevar har brukt både skuletimar, ettermiddagar, fagdagar og øvingshelgar til å øva på musikalen.

- Det er masse jobb, også på fritida og det blir veldig slitsamt somme tider, men du får også utfordra deg sjølv og testa grenser, seier Thea som også legg vekt på fellesskapskjensla det gjev å jobba i lag om eit slikt stort prosjekt som ein musikal er.

ØVING: Det blir lange dagar og mykje øving når ein skal setja opp ein musikal, men elevane på MDD ved Firda vgs gleder seg til å visa det fram for publikum. (Foto: Privat)

Dei tre sogningane håper mange vil koma og sjå musikalen som blir framført på Sandane 3. og 4. februar.


- Her kan du sjå unge, inspirerte elevar med talent gi sitt beste på scena. Her blir det alt frå latter, «wow»-augeblikk til ubehag og ei rekkje andre kjensler. Historia er fantastisk vakker. Sjå filmen på førehand, slik kan du leva deg inn endå betre, er Miriam sitt tips.


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk Ung

Siste saker Gå til framsida