FINALEKLAR: Torstein Hønsi sitt selskap har i dag 82 av verdas 100 største selskap på kundelista. No er vikjen blant finalistane i ei prestisjefull kåring.

Sogning klar for prestisjefull finale

Torstein Hønsi i Highsoft er klar for den nasjonale finalen.

Publisert 26.10.2017 kl. 22.01. Oppdatert kl. 23.21.

Tidlegare har leiarar frå åtte lokale selskap på Vestlandet blitt nominerte. No er leiarane frå verksemdene Cutters, Highsoft og Sport Outlet vidare til den nasjonale finalen. Dette vart klart under ei tilstelling i Bergen torsdag kveld.


Jakt på dei beste 

Rådgjevings- og revisjonsselskapet EY, tidlegare Ernst & Young, saumfare kvart år samtlege norske aksjeselskap i jakta på Noregs beste vekstskapar. I løpet av oktober vert det arrangert seks regionale finalar, og dei tolv beste kandidatane kjem til den nasjonale finalen i Oslo, som vert arrangert  tysdag 28. november.


Internasjonal

Den nasjonale vinnaren representerer  Noreg på den internasjonale finalen i Monaco sommaren 2018.


- Me ønskjer å framheva og inspirera personar som er utstyrte med ein forretningsidé, satsar kapital og karriere på å skapa varige verdiar og arbeidsplassar heile samfunnet har nytte av, seier Ina K. Rosenberg, lokalt ansvarleg for EY Entrepreneur Of The Year, i ein pressemelding.


Krav

For å kvalifisera seg for EY Entrepreneur Of The Year må vekstskaparen sitt selskap ha minimum 20 tilsette, 20 millionar kroner i omsetning og 20 prosent vekst siste to år.


Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida