NY LEIAR: Eirik Hortemo Vikøren frå Sogndal skal styra 4H Sogn og Fjordane framover. (Pressefoto)

Sogndøl tek over leiarverv i 4H

Eirik Hortemo Vikøren (30) frå Sogndal vart i helga valt som ny leiar på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane.

Publisert 07.02.2018 kl. 20.43. Oppdatert kl. 21.18.

Den nye leiaren tykkjer det er kjekt å få tilliten, og no tek han over vervet etter Gunhild Sandal (26), skriv 4H Sogn og Fjordane i ei pressemelding.


Aktiv i 4H

Vikøren er utdanna tømrar og held til i Sogndal, men er opphavleg frå Lillesand på Sørlandet. Han fullførte 4H-løpet med plaketten i 2005 og har sidan då vore aktivt med på ulike måtar i 4H, mellom anna som klubbrådgjevar og medlem av fylkesstyret. 


- Eg gler meg veldig til det nye 4H-året, med dei utfordringane som leiarvervet har å by på. Det er ei stor oppgåve. Og ikkje minst ser eg fram til alle dei kjekke arrangementa som skal skje, seier han i pressemeldinga.


4H Sogn og Fjordane samlar omlag 1510 medlemmer mellom 10 og 18 år,, som saman med mange alumnmedlemer og vaksne klubbrådgjevarar er fordelt på 71 klubbar spreidd over heile fylket. Fylkeslaget hadde stor aktivitet i løpet av året som gjekk. 


Fleire prosjekt var gåande og nye vart starta opp, til dømes inkluderingsprosjektet Samspel, som er eit samarbeid mellom 4H, Røde Kors og Idrettskrinsen.


Nye styremedlemmer

Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei 4. februar samla 130 utsendingar. Kenneth Solstad (20) frå Bergrosa 4H i Luster vart valt inn som nytt styremedlem. Frå før sit Inger-Margrethe Sørland (22) frå Eggenipa 4H i Gloppen, det gjer også Andrè Gåsemyr (21) frå same klubb og Vilde Midtbø Ulsten (21) frå Neptun 4H i Flora.


Kristina Støfring (17) frå Eikås 4H i Jølster og Guro Vangen Førde (20) frå Fjelltind 4H i Jølster tok attval som varamedlemmer, medan Camilla Nesheim (33) frå Troda 4H i Bremanger vart valt inn som nytt varamedlem. Dianne Eikås frå Trekløveret 4H i Eid tok attval som ordførar og Steffen Fjellestad frå Hauk 4H i Gloppen held fram som varaordførar i 4H Sogn og Fjordane. Eirik Førde frå Byrkjelo er alumnane sin representant i fylkesstyret.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida