SAMANSLÅING: Medlemmer frå dei tre lokallaga til Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand var tysdag samla, med samanslåinga på sakskartet. Framme frå venstre: Trude Risnes (Leikanger), Eva Ramstad (Sogndal), Christen Knagenhjelm (Sogndal). Midtre rekke frå v: Katrine Røkke Wilson (Leikanger), Maria Knagenhjelm (Sogndal), Eyvin Sølsnes (Leikanger), Nils Tore Opheim (Sogndal), Dag Digernes (Sogndal). Bakre rekke: Jon Asbjørn Målsnes (Balestrand), Marit Lofnes Mellingen (Leikanger), Are Kvistad (Sogndal), Eyvind Øgar (Sogndal) og Hans Haugen (Sogndal). (Foto: Sigrid Svartefoss)

Venstrelaga slår seg saman om eitt år

Publisert 26.01.2018 kl. 12.43.

Nye Sogndal kommune

Kommunane Balestand, Leikanger og Sogndal vert slegne saman til ein kommune 1. januar 2020.
Den nye kommunen skal heita Sogndal.
Folketal 11.665 (3. kvartal 2017)
Areal: 1355,6 kvadratkilometer.
Ei fellesnemnd er sett ned for å førebu, samordna og gjennomføra arbeidet med å etablera den nye kommunen.
Kommunesenteret skal vera i Sogndal.
Leikanger vert administrasjonsstad i kommunen.
Balestrand skal satsast på som lokalsenter i den vestlege delen av kommunen.
Det nye kommunestyret skal ha 37 representantar, formannskapet 9.

(Kjelder: Politisk plattform frå 14. desember 2017 og Statistisk sentralbyrå)

Venstre-laga i Balestrand, Leikanger og Sogndal slår seg saman til eitt lag 1. januar 2019.


- Når kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal slår seg saman frå 01.01.20 er det naturleg at me som politisk parti gjer det same, seier Jon Asbjørn Målsnes, Hans Haugen og Trude Risnes.


Sogndal Venstre

Det nye laget held fram med namnet Sogndal Venstre.


- Det er rimeleg, då den nye kommunen også tek namnet Sogndal, meiner dei tre.


Årsmøta i dei tre laga har alle gjort vedtak om samanslåing med virkning frå 01.01.19.


2018 blir soleis eit år for å førebu overgangen og byggja nytt lokallag. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal førebu samanslåinga og føreslå organisering av det nye laget. Arbeidsgruppa blir også sentral i å setja i gong nominasjonsarbeid og val av styre for det nye laget, går det fram av ei pressemelding.


Møte

Medlemmer frå dei tre lokallaga var tysdag samla, med samanslåinga på sakskartet. Her deltok også representantar frå Jølster og Førde Venstre, som snart skipar Sunnfjord Venstre, saman med venstre-laga i Naustdal og Gaular.


- Sunnfjord har kome lengre enn oss, me set pris på at dei tek turen for å dela erfaringar og tips, seier parti-veteranen frå Sogndal, Hans Haugen.