NYTT KOMMUNEVÅPEN: Rita Navarsete, Sogndal (Frp), Trude Risnes Leikanger (V), Frode Bøthun Balestrand (KrF), ynskjer innspel til korleis det nye kommunevåpenet til Sogndal kommune skal sjå ut. Aud Karin Isane, Balestrand (SV) og Kjetil Kvåle, Sogndal (Ap) er òg med i prosjektgruppa, men var ikkje tilstades då bilete vart teke. (Foto: Sigrid Nese)

No startar jobben med å laga det nye kommunevåpenet

Politikarane vil ha innbyggjarne med når kommunevåpenet for nye Sogndal skal utformast.

Publisert 13.02.2018 kl. 12.02.

- Me ynskjer å involvera, og engasjera breitt i prosessen med utforming av nytt kommunevåpen, seier Trude Risnes (V), Rita Navarsete (Frp) og Frode Bøthun (KrF).


Dei sit i prosjektgruppa for felles kultur, identitet og symbol for Sogndal kommune frå 2020, og har fått mandat til å jobba med det nye kommunevåpenet.

TRE SKAL BLI TIL EITT: Kommunevåpena til dagens tre kommunar inneheld eple (Leikanger), vikingskip (Sogndal) og sverd (Balestrand).

Send inn forslag

Alt om eitt år skal det vera klart.


- Me kjem til å senda ut invitasjonar til barnehagar, skular, bedrifter og organisasjonar om å delta, i mars, seier Risnes.


Men alt no kan dei som vil senda inn forslag. Første innspel er alt kome.


- Kva symboliserer den nye kommunen? Finst det identitetsmarkørar, fjell, fjord, historie, eller symbolikk som kan nyttast? Kva er det me har felles? Dette er spørsmål ein bør tenkja gjennom, seier politikarane.


Men veldig strenge restriksjonar set dei ikkje.


- Det er lov å føreslå eitt av dagens kommunevåpen, eller ein kan koma opp med noko heilt nytt.


Gruppa ynskjer òg innspel frå folk utanfrå dei tre kommunane.


- Det hadde vore artig å sjå kva folk utanfrå tenkjer kan vera beskrivande for Sogndal, Leikanger og Balestrand, seier dei.


Håp om engasjement

Politikarane har vore i kontakt med fleire andre kommunar som òg er inne i ein samanslåingsprosess. Molde, Midsund og Nesset skal bli til Molde kommune i 2020.


- Dei fekk inn om lag 30 forslag til kommunevåpen, fortel Risnes.


- Me håpar dette er noko som vil engasjera, og vera med å skapa ein felles identitet for den nye kommunen.


Gruppa tek i mot innspel fram til sommaren. Om ein ikkje likar å teikna, kan ein senda inn forslag i form av tekst.


Forslag til nytt kommunevåpen for Sogndal kommune kan sendast til postmottaket til Sogndal kommune.


Fellesnemnda avgjer

Men korleis blir det til slutt? Det er visse reglar og krav til korleis eit kommunevåpen kan sjå ut.


- Det er profesjonelle som skal teikna den endelege kommunevåpen, men me håpar dei kan henta inspirasjon og tema frå forslaga som har kome inn, seier Risnes.


Det er Fellesnemda, som er dei tre funksjonskommunane si felles politiske plattform i oppkøyringa til ein ny kommune frå 2020, som til slutt bestemmer korleis det nye kommunevåpenet skal sjå ut. Om alt går etter planen skal det avgjerdas januar neste år.


- Kva kostar det å byta kommunevåpen?


- Det kjenner me førebels ikkje til, men det er klart det blir ein del. Alt som har kommunelogo på seg må jo bytast.


Byggja samhald

I tillegg til å jobba med nytt kommunevåpen skal prosjektgruppa òg jobba fram eit kultur- og aktivitetsprogram for den nye kommunen.


- Me skal byggja kultur i den nye kommunen og jobbar med å finna måtar der me kan bidra. Det skjer mykje i dei tre kommunane. Me ynskjer å hjelpa lag, organisasjonar og idrettslag til å samarbeida og skapa felles arenaer på tvers.


- Me skal ikkje arrangera, men stimulera til felles aktivitet. Alle treng ikkje slå seg saman, men ein kan kanskje arrangera noko saman. Det handlar om å gjera seg synlege for kvarandre, forstå kva som er felles og kva som skil oss, og byggja kjennskap og venskap på tvers av den nye kommunen vår, seier dei.


Fekk du med deg denne: Kort tid etter at samanslåinga var vedteken, hadde han t-skjorta med nytt kommunevåpen klar


 


Siste saker Gå til framsida