Her er finalistane til kåringa av folkets favoritt

Stem på din favoritt her.

Publisert 17.08.2018 kl. 12.36. Oppdatert kl. 12.44.

Avstemminga på folkets favoritt til kommunevåpen for nye Sogndal kommune er no avslutta.


Ein jury har plukka ut 20 av dei over 300 forslaga som er sende inn til idékonkurransen om kommunevåpen for nye Sogndal kommune.


Juryen, som har vore medlemmene av den politiske arbeidsgruppa «Felles kultur, identitet og symbol» har som hovudmålsetting at det nye kommunevåpenet skal vera samlande for alle innbyggjarane, binda saman historie og framtid, at det skal vera tidlaust, syna utvikling og vekst - og at ein skal kunne kjenna seg att i natur og/eller kultur.


Juryen hadde som utgangspunkt for vurderinga at kommunevåpenet skal vera nytt for den nye kommunen. I finalen er det med forslag både frå ungar og vaksne.


Blant dei 20 finalistane skal ein finna folkets favoritt, som blir kåra gjennom ei avstemming her på sognavis.no. Avstemminga vart avslutta 31. august.


Det endelege kommunevåpenet skal utformast av profesjonelle aktørar. Element frå folkets favoritt skal vera med i framlegga desse kjem med til kommunevåpen.



Dei innkome forslaga til kommunevåpen for den nye storkommunen med Leikanger, Sogndal og Balestrand kan du sjå i denne videoen: