Har fått inn over 300 forslag til kommunevåpen - sjå dei her

- Det har vore eit stort engasjement, seier Stig Arne Thune, prosjektrådmann for nye Sogndal kommune.

Publisert 09.08.2018 kl. 06.30. Oppdatert kl. 14.07.

- Det verkar som at dette er noko folk er opptekne av.


- Ja, det har vore veldig imponerande oppslutnad, seier prosjektkoordinator for den nye storkommunen, Kjell Einar Barsnes.

UTVELJING: På eit jurymøtet 26. juni vart dei 20 finalistane som skal vera med i «folkets favoritt» plukka ut. Frå venstre Frode Bøthun, Trude Risnes, Aud Kari Isane, Rita Navarsete og Kjetil Kvåle. (Foto: Kjell Einar Barsnes)

Mange forslag

Tidlegare i vår gjekk politikarane ut og etterlyste idear og forslag frå innbyggjarane til kva kommunevåpen som kan symbolisera nye Sogndal kommune.


I tillegg til å ha annonsert gjennom Sogn Avis, har ordførarane og politikarar vore rundt på skular i dei tre kommunane og stått på stand på arrangement, som til dømes Balejazz. Dette har resultert i over 300 forslag.


- Eg er audmjuk over at det har kome inn så mange. Det er veldig kjekt, seier prosjektrådmannen. Han fortel at forslaga ber preg av å vera både alvorlege og humoristiske.


- Det er også ein del tema som går igjen, til dømes eple, fjord og fjell.

PÅ SKULEBESØK: Leiar i prosjektgruppa for felles kultur, identitet og symbol i Nye Sogndal kommune, Aud Kari Isane, og Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd var på besøk på Leikanger barneskule tidlegare i vår. Dei fortalde om kommunevåpen og den nye storkommunen. Elevane fekk teikna kommunevåpen. (Arkivfoto: Sigrid Nese)

Nytt fellesmerke

Eitt år før den nye kommunen trer i kraft i 2020, skal det nye kommunevåpenet vera på plass.


- Me ser fram til å få eit nytt identitetsskapande kommunevåpen, seier Barsnes.


- Det vil setja sitt preg på Sogndal kommune i overskodeleg framtid og bli eit viktig fellesmerke for den nye kommune. Dette symbolet skal stå på alle skular, brevark og ordførarkjede, legg Thune til.


Av dei over 300 forslaga som er kome inn har ein jury plukka ut 20 som skal vera med i kåringa «folkets favoritt».


- Her er forslag frå alle dei tre kommunane, frå skular, og folk flest i alle aldrar, seier Thune.


- Me ønskjer at innbyggjarane skal få vera med å setja sitt preg på det nye kommunevåpenet. Det vil bli eit felles varemerke.

MANGE FORSLAG: Prosjektrådmann Stig Arne Thune og prosjektkoordinator Kjell Einar Barsnes er glade og takksame for at det har kome inn så mange forslag til nytt kommunevåpen. - Det viser at dette betyr noko for innbyggjarane, seier dei. (Foto: Sigrid Nese)

Ha med eitt element

Det er eit designfirma som skal forma ut det nye kommunevåpenet, men dei skal bruka eitt element frå vinnaren av «folkets favoritt» som inspirasjon.


- Kommunevåpenet skal vera tidlaust, framtidsretta, ha eit moderne uttrykk. Det skal vera noko nytt, men noko dei tre kommunane har til felles, og som sagt skal det innehalda eitt element frå «folkets favoritt», seier Thune, som understrekar at dei heraldiske reglane for kommunevåpen ikkje er så strikte no som tidlegare, då dei skulle bestå av to fargar og få element.


- Designarane står difor noko friare. Men kommunevåpenet skal godkjennast av kommunestyra, og det må ikkje vera for likt kommunevåpen som alt finst.


Ynskjer debatt

I løpet av hausten vil altså nye Sogndal kommune sitt kommunevåpen ta form.


No etterlyser prosjektrådmannen og prosjektkoordinatoren ein skikkeleg kommunevåpen-debatt.


- Me reknar med at dette er noko mange har meiningar om. Desse vil me gjerne høyra, så det er berre å gi beskjed, seier dei.


Ta vare på dei gamle

Med eit nytt kommunevåpen på veg inn i historia er det naturleg å spørja seg kva som skal skje med dei gamle skilta med kommunevåpena til dagens tre kommunar.


- Dei skal me ta vare på, seier Thune.


- Me vil gjerne ha dei i ei slags utsmykking i ei eller anna form, men dette skal politikarane bli involverte i og vera med å avgjerda.


Kva det vil kosta å byta ut dei gamle kommunevåpena, og alle gjenstandane som har dei gamle kommunevåpena på seg er usikkert. Men prosjektrådmannen fortel at dei held på med ei kartlegging av dette i desse dagar.


- Kva det vil kosta veit me ikkje. Det me veit er at det ikkje er gratis.


Avstemming

«Folkets favoritt» vil bli kåra gjennom ei avstemming i Sogn Avis frå midten av august.


Kommunestyra for dei tre kommunane skal vedta det nye kommunevåpenet i desember i år.


 


Sjå video av forslaga øvst i saka.


Siste saker Gå til framsida