EITT ÅR HAR GÅTT: Ole Jørgen Øygarden har vore rektor ved Sogndal vidaregåande skule i eitt år.

Rektor om skulekvardagen: - Me må vera rause med kvarandre

Rektor Ole Jørgen Øygarden summerer opp eitt år som rektor på Sogndal vgs.

Publisert 07.09.2018 kl. 12.46.

Eit nytt skuleår er i gang for elevar over heile landet. På Sogndal vidaregåande skule var nær 800 ungdommar klare til skulestart 20. august.


Nokre er nye, og spente på kva som ventar dei, medan dei eldste skal til på russeåret.


Alvorlege oppslag

Gjennom sommaren har det vore mange alvorlege oppslag i media om russ og russefeiring. Alt frå turar til dei greske øyer med slåsting og bråk, til elevar som blir utestengde frå russebussar og russearrangement fordi dei ikkje er «pene», eller rike nok.


Sogn Avis Ung tok ein prat med rektor, Ole Jørgen Øygarden ved Sogndal vidaregåande for å høyra kva tankar han har om ein god skulekvardag, og russetida.


Det første han fekk spørsmål om, var korleis hans første år i rektorstolen på skulen har vore.


- Bratt læringskurve

- Det har vore ei bratt læringskurve, seier Øygarden.


- Det har vore spanande å gå frå å jobba ved ein ungdomsskule til å ta over rektorstillinga på ein skule med 800 elevar.


Rektoren legg ikkje skjul på at han har eit godt nettverk av flinke kollegaer rundt seg.


- Eg tykkjer at kollegaene her på skulen er dyktige, motiverte og engasjerte. På Sogndal vidaregåande legg me tydeleg vekt på det faglege, og me har også eit stort fokus på at elevane skal trivast og ha det godt sosialt.


Elevmedverknad

Målet til skulen, og rektor er at ein skal ha eit best mogleg miljøet blant elevane. Difor legg dei ned mykje arbeid for å få dette til. Skulen har i mange år vore ein MOT-skule, men har no valgd å gå vekk frå det.


- Det vert i år meir fokus på elevmedverknad. Eit av tiltaka er noko me kallar «elevven». 14 elevar frå ulike klassar og linjer har fått eit ekstra ansvar for å skapa trivsel og tryggleik blant elevgruppene.


- Men kvifor akkurat dette, og kvifor skjer det i år?


- Me følte at MOT-opplegget ikkje fungerte så bra som me ønskja, og me ynskte å involvera elevane meir. Sjølv om det var mange positive sider ved MOT, fungerte det ikkje for alt og alle. Ein kan jo aldri garantera at eit program som MOT vil vera heilt perfekte for kvar enkelt, men me satsar på at «elevvenene» sin medverknad kan vera positivt for elevmiljøet. Trivselen er generelt veldig god på skulen, og me har lite mobbing.


- Vêr rause

Han oppmodar elevane, men også alle dei andre på skulen til å vera rause, eit motto han håpar å sjå flest mogleg følgja.


- Det skal ikkje mykje til, det å vera raus kan vera noko så lite som eit smil til nokon du går forbi. Enkelt å gjennomføra, men viktig for å gjere andre sin dag betre. Eit smil er også smittsamt. Han legg til.


- Det er også viktig å ha respekt for kvarandre uavhengig av stand, legning og hudfarge. Elevvenene saman med kollegiet skal vera gode modellar i dette arbeidet.


- Flott russ

Rektor fortel om russen, og kva tankar han har om fjorårets russekull.


- Dei var generelt ei flott gruppe med elevar som me ikkje hadde mykje trøbbel med. Nokre episodar var det sjølvsagt, men eg var imponert over korleis dei gjennomførte russetida. Eg er heller ikkje bekymra for skuleåret som kjem, og ser for meg at ein vil kunne sjå det same frå russen i år. Me skal ha eit godt samarbeid med russen gjennom russestyret, slik me hadde i fjor.


Klare oppmodingar

Til sist lurer Sogn Avis Ung på om Ole Jørgen Øygarden har eit bodskap eller nokre oppmodingar til elevane på Sogndal vidaregåande.


- Det eg ventar frå elevane er at dei er rause, inkluderande, byr på seg sjølv, ikkje dømer andre, og ikkje minst det viktigaste av alt - at dei hugsar på at det er lov å gjere feil. Eg håpar at ungdommane kan innsjå dette, og heller fokusera på å retta opp i feila ein gjere enn å henga seg opp i å vera perfekt til ei kvar tid. Så er ein viktig del av jobben vår og støtta dei på dette. Det er også viktig at elevane møter presist til timane, er førebudde og jobbar godt med skulearbeidet. Saman skal me sørgja for eit godt fagleg skuleår med høg trivsel, seier han.