JOBBAR PÅ CIDERHUSET: Oda Persdotter Bolstad har sommarjobb på Ciderhuset i Balestrand. (Foto: Sander Fjærestad)

Oda meiner sommarjobb gjev viktig erfaring

Oda Persdotter Bolstad har sommarjobb på Ciderhuset.

Publisert 10.08.2018 kl. 10.48.

Personalia

Namn: Oda Persdotter Bolstad


Alder: 17


Bustad: Balestrand


Arbeidsplass: Ciderhuset


 

- Kva er jobben din?


- Eg jobbar på Ciderhuset i Balestrand som servitør.


- Korleis fekk du jobben?


- Eg fekk jobben ganske raskt etter at eg snakka med dei og spurte om dei trengte hjelp om sommaren.


- Kor lenge har du jobba?


- Eg har jobba her heile sommaren, men eg har også jobba litt på Dragsvik Fjordhotell. Der jobba eg i fjor sommar også. I år jobbar eg mest på Ciderhuset.


- Kva går ein vanleg arbeidsdag ut på?


- Å vera hyggeleg og grei mot gjestane, servera dei mat og prata med dei. Eg prøver å gjera besøket deira på restauranten så bra som mogeleg, men det er ikkje alltid like enkelt når det er nokre turistar som ikkje er så hyggjelege. Elles kan det vera litt utfordrande sidan eg ikkje har løyve til å servera alkohol, så då må dei fleste gjestene venta litt ekstra.


- Kva er det kjekkaste med jobben din?


- Det må vera kollegaene mine, fordi dei er så hyggjelege.


- Kor lang er ein vanleg arbeidsdag?


- Eg jobbar som regel åtte timar per dag, frå 13.00 til 21.00.


- Kva gjer du etter ein lang arbeidsdag?


- Då tek eg meg ein dusj, ser på serie og et masse mat.


- Kva er draumesommarjobben?


- Det er eit litt vanskeleg spørsmål, men eg trur det morosamaste ville ha vore å jobba på Tusenfryd som berg- og dalbaneoperatør fordi då kan eg køyra så mykje eg vil, eller jobba i isbodene for då kan eg eta så mykje is som eg orkar.


- Kva tenkjer du om at det er få norske ungdommar med sommarjobb?


- Eg tenkjer at det er utruleg dumt fordi dei går glipp av mykje erfaring som dei kjem til å trenga seinare i livet. Elles synes eg at arbeidsgjevarane burde gi norske ungdommar ein sjanse og ikkje berre tilsettja utlendingar fordi dei er billegare.


- Har du nokre tips basert på arbeidsplassen din?


- Dersom du er over 18, synes eg du burde koma til Ciderhuset for å smaka på Cider-flighten. Det er ein runde med forskjellige cider-smakar som er lokalbrygga, som ein får smaka på. Elles synes eg du burde koma for å helse på meg og slå av ein prat!


 


Siste saker Gå til framsida