SNØ: Slik ser det ut på Tindevegen mot Turtagrø onsdag føremiddag. (Foto: webkamera Tindevegen)

Snø på fleire fjellovergangar - ein er stengd

Snøen er komen i fjellet.

Publisert 12.09.2018 kl. 10.37. Oppdatert kl. 11.42.

Vegtrafikksentalen melder onsdag føremiddag at fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er stengd grunna snø.


På Tindevegen, mellom Årdal og Turtagrø har det også lagt seg snø onsdag føremiddag.


Dei neste dagane er det også meld om snø på Sognefjellet.


Vegtrafikksentralen oppmodar alle som skal over fjellovergangar om å køyra varsamt.

SOGNEFJELLET: Slik ser det ut ved Sognefjellshytta på Sognefjellet. (Foto:webkamera Sognefjellshytta)