SLUTTAR: Atle Stalheim har sagt opp stillinga si som banksjef i Aurland Sparebank. (Arkivfoto)

Sluttar som banksjef i Aurland Sparebank

Atle Stalheim har sagt opp stillinga si som banksjef i Aurland Sparebank.

Publisert 31.10.2017 kl. 20.04.

Det opplyser banken i ei pressemelding.
Frå 1. januar 2018 tiltrer han som partner i konsulentselskapet Grow, eit selskap med hovudfokus på strategiprosessar, organisasjonsutvikling og leiarrekruttering.
Etter avtale med styret i banken fråtrer Atle Stalheim stillinga som banksjef den 1. november. Stalheim har vore tilsett i banken i fire år.
- På vegner av styret vil eg takka Atle Stalheim for den fine innsatsen og det gode arbeidet han har gjort for Aurland Sparebank, seier styreleiar Arve Tokvam i pressemeldinga.
Styret i Aurland Sparebank har konstituert Gunnar Skahjem som banksjef inntil vidare.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida