(Illustrasjonsfoto)

Slurv med bilbelte på turbussar

Statens vegvesen gjennomførte kontroll av lette og tunge køyretøy langs E16 i Lærdalsdalen måndag.

Publisert 03.09.2018 kl. 19.01.

Hovudfokuset på kontrollen var bruk av bilbelte i buss, og Vegvesenet skreiv ut seks gebyr for manglande bilbelte.


- Av dei bussane som vart kontrollerte vart det skrive ut gebyr på nokre av passasjerane og ein sjåfør i buss, medan ein vogntogsjåfør også fekk gebyr for manglande bilbelte. Det er i hovudsak passasjerar i turbussar som ikkje nyttar bilbelte. Me brukar mykje tid på å informera guidane og sjåførane, gjennom heile sommaren, om kor viktig det er å bruka bilbelte i buss, opplyser Vegvesenet i ein kommentar til kontrollen.


Alle som fekk gebyr i buss var utanlandske statsborgarar.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida