trekanta: Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. (Illustrasjon: Rojo arkitekter)

Slik blir dei nye dagsturhyttene

Rojo arkitekter i Trondheim skal teikna dagsturhytta som skal byggjast på turmål i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Publisert 19.12.2016 kl. 19.00.

- Dette er ei hytte med mange gode løysingar både ute og inne, og me trur det blir ei spennande hytte å besøka både for store og små. Det er fleire overbygde sitjeplassar rundt hytta, og hytta skal fungera som ein sosial møteplass i naturen. Ho passar inn i ulike naturmiljø, både ved sjøen, i høgfjellet og på veg til toppen, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

kan tilpassast: Hyta har utandørs sittetrapper og sittebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. (Illustrasjon: Rojo arkitekter)

Kontakt med naturen

Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. Inne er det lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden.


Store vindauge og mykje lys skal skapa god romkjensle og gje dei besøkjande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henga av seg ytterklede og setja frå seg sko, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.


«Sogn og Fjordane»-hytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. Fylkeskommunen administrerer prosjektet, kommunane skal byggja og vera ansvarlege for drifta, og finansieringa vert utløyst av den tredjedelen som kjem frå sparebanken. Hyttene er godkjende for å søkja om spelemidlar.

VINDAUGE: Store vindauge og mykje lys skal skapa romkjensle og gi dei besøkande god kontakt med naturen. (Illustrasjon: Rojo arkitekter)

Eit spleiselag

Stiftinga til Sparebanken i Sogn og Fjordane la 5,2 millionar kroner i hyttepotten då dei behandla saka sist veke. Stiftinga nyttar overskotet frå sparebanken til samfunnsnyttige prosjekt i fylket


- Dette er eit av dei sprekaste prosjekta me har sett på lang tid. Her får me fleire folk ut i naturen på ein måte som er smart tilrettelagt, interessant, barnevenleg, som aukar tryggleiken, og som gir fylket eit flott fortrinn med omsyn til turisme. Forma på hytta er spenstig, samtidig gir ho assosiasjonar til eit telt, noko folk kjenner att i norsk natur, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.


Dagsturhytta skal vera ein plass å gå inn, byta klede, eta nista si og få varmen i seg når ein er på tur.


I alle kommunane

Alle kommunane i fylket har sagt ja til å byggja dagsturhytte på eit populært turmål i kommunen sin, nokre kommunar vil til og med byggja to. Plasseringa varierer frå høgfjellet til fjorden. Planen er at dei første hyttene skal stå ferdige i 2017, og i løpet av 2018 skal det vera mogleg å besøkja «Sogn og Fjordane-hytter» i alle kommunane.


- Fylkeskommunen er i gang med å skapa opplevingsløyper på veg til hyttene, med kreative kunstinstallasjonar og skilting av stadnamn og kulturminne. Me arbeider også med å utvikla ein app, som kan motivera turgåarar. Visjonen vår er fysisk aktivitet for alle, og me håpar at denne hytta kan auka interessa for «nær-friluftslivet» blant folk i alle aldrar, seier Atle Skrede.


Det kom inn 21 forslag i arkitektkonkurransen om å teikna hytta. Dei som ikkje er valde ut, har frist på seg til 4. januar til å klaga.


Siste saker Gå til framsida