SKREKKSCENARIO: Etter ei veka i Nordfjella saman med forskar Bjørnar Ytrehus, skal komikar Siri Kristiansen forhåpentlegvis ha lært nok til å formidle kunnskapen vidare frå standup-scena. (Foto: NRK)

Skrekkscenario for komikar: Må laga standup om skrantesjuka

Komikar Siri Kristiansen har gjennom TV-programmet «Latterlig smart» på NRK teke på seg ei stor utfordring: Nemleg å lage humor på skrantesjuka.

Publisert 25.04.2018 kl. 15.09.

Etter ei veka i Nordfjella saman med forskar Bjørnar Ytrehus, skal Kristiansen forhåpentlegvis ha lært nok til å formidle kunnskapen vidare frå standup-scena.


Forsking og humor

- Dette er eit program om å få forsking ut til heile folket. I kvar episode av «Latterlig smart» møter du ein ny komikar og forskar som har ei veke saman, der dei skal setja seg inn i eit forskingsfelt. Til slutt skal dette gjerast om til eit standupshow, seier Solveig Hareide, prosjektleiar i vitskapsavdelinga i NRK.


I denne episoden er Siri Kristiansen, komikar og radioprogramleiar, saman med Bjørnar Ytrehus, veterinær og forskar ved Norsk institutt for naturforsking, i Lærdal for å lære om skrantesjuka, den dødelege dyresjukdomen.


- Siri har ikkje vist kva ho skulle gjere. Ho blei berre køyrt til Lærdal, der ho visste at ho skulle ta for seg eit forskingsfelt. Grunnen til at ho fekk om skrantesjuka er fordi ho elskar hjortedyr. Så no har ho fått eit skrekkscenario, seier Hareide.


Heiar på dyra

I skrivande stund er Kristiansen og Ytrehus på plass i Nordfjella, der dei mellom anna tek prøvar av saltstein og obduserer hjort.


- Siri er elev i Lærdal denne veka. Ho skal forstå samanhengen med sjukdomen og ta den til standup-scena, seier Hareide.


Showet blir presentert for lærdølene på Lærdalsøren hotell fredag kveld.


- Siri tykkjer det er litt skummelt. Ho har teke på seg ei stor utfordring. Både ho og forskaren heiar på hjortedyra og vil deira beste, strekar Hareid under.


- Møt opp

Standup-showet er ope for alle som vil koma å høyra på.


- Eg håpar at folk møter opp og ser på ho som har fått denne vanskelege utfordringa. I tillegg kjem det også ein komikar frå Bergen som skal varma opp for publikum. Showet blir filma av NRK, så det er «fare» for å koma på TV, seier Hareide.


Les meir om: Kultur Nyhende Dyr Lærdal