Søkjer om støtte til bru over elva

Publisert 05.09.2018 kl. 07.54.

Sogndal kommune har sendt søknad til fylkeskommunen om tre millionar kroner i tilskot til ny bru over Sogndalselvi i 2019.


Kommunen har sjølv sett av 6,4 millionar kroner på fond til bygging av brua, og vil invitera næringsverksemder til å delta i finansieringa. I budsjettet for 2019 vil kommunen avklara korleis prosjektet skal ferdigstillast.


Kommunen har engasjert tre firma i ein arkitektkonkurranse til å koma med framlegg til utforming av ny bru, og fristen er 6. september. Kostnadsramma for brua i arkitektkonkurransen er sett til 15 millionar kroner.


 


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal Trafikk