Søkjer etter sprengstoff i tunnel

Publisert 31.01.2018 kl. 13.04.

Bombehundar er henta inn for å leita etter sprengstoff i Hovdetunnelen på fv. 55 i Høyanger, melder Firda.


Vegvesenet held på med oppgraderingsarbeid i tunnelen og i førre veke fann entreprenøren gamalt sprengstoff under graving i tunnelen. 


Sveinung Hovland, prosjektleiar for oppgradering av tunnelar i Sogn og Fjordane, opplyser til Firda at sprengstoffet ikkje er til fare for bilistane, då det ligg under bakkenivå.


Bombehundane, som kjem frå Austlandet, vil vera i tunnelen og leita heile onsdagen.


Siste saker Gå til framsida