TIL VURDERING: Stadleg leiing ved Nordfjord og Lærdal sjukehus (biletet) har no fungert i høvesvis tre og to år. (Arkivfoto)

Skal vurdera sjukehusleiing ved lokalsjukehusa

Helse Førde skal sjå på om leiarmodellen ved lokalsjukehusa fungerer godt nok.

Publisert 13.09.2018 kl. 13.45.

Stadleg leiing ved Nordfjord og Lærdal sjukehus har no fungert i høvesvis tre og to år. Eit prosjekt i Helse Førde skal i haust vurdera om leiarmodellen fungerer godt nok, eller om det er behov for å endra eller justera denne funksjonen ved lokalsjukehusa våre, heiter det i ei pressemelding frå Helse Førde.


Målet med prosjektet er å sikra at dei stadlege leiarane ved lokalsjukehusa har ei tydeleg rolle og avklart ansvar i Helse Førde sin leiarstruktur.


- I dette ligg at me må vurdera om det er behov for å endra på dagens modell, og i så fall tilrå ein framtidig modell og kva konsekvensar ei eventuell endring vil få, fortel leiar for prosjektet, Anne Kristin Kleiven.


Utviklingsprosjekt

Nordfjord sjukehus var i 2011 til 2013 gjenstand for eit utviklingsprosjekt kalla «Framtidas lokalsjukehus Nordfjord sjukehus» gjennomført av Helse Vest. I kjølvatnet av dette prosjektet vart det oppretta stillingar som stadlege leiarar ved begge lokalsjukehusa i Helse Førde, først på Nordfjordeid og sidan i Lærdal. Det kom også seinare nasjonale føringar om at sjukehus skal ha stadleg leiing.


At ei slik evaluering som no er på gang blir gjennomført, låg som ein føresetnad i utviklingsprosjektet "Framtidas lokalsjukehus".


Breitt samansett

Både kommunane, tillitsvald og hovudverneombod har fått plass i prosjektgruppa.

Prosjektet skal vurdera korleis stadleg leiing skal fungera i den samla leiarmodellen i Helse Førde. Prosjektgruppa er samansett av personar som har eit overordna ansvar for klinikkane og avdelingar som har aktivitet ved lokalsjukehusa i tillegg til distriktspsykiatriske senter.

Prosjektet vil innhenta synspunkt frå leiarar, tillitsvalde og vernetenesta ved lokalsjukehusa og frå leiinga i dei kommunane som høyrer til dei to lokalsjukehusa.

Prosjektet er planlagt avslutta i løpet av 2018, og den endelege avgjerda vil bli fatta på overordna nivå, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Helse Lærdal

Siste saker Gå til framsida