DÅRLEGAST: Sogn og Fjordane er blant dei dårlegasate i landet på digital postkasse. (Foto: Mariann Skau)

Skal ta kontakt med alle som ikkje har digital postkasse

Sogn og Fjordane først i kampanje for digital postkasse

Publisert 06.12.2017 kl. 21.00.

Berre ein tredjedel av innbyggjarane i fylket har skaffa seg ei digital postkasse. No tek kommunane kontakt med alle som har venta med å bli digitale postmottakarar.


Papirpost

Samfunnet brukar i dag store ressursar på papirpost. Å gå over til vanleg e-post er ikkje eit alternativ for offentlege styresmakter, ettersom tryggleiken er for låg.


På landsbasis er det no 1,7 millionar innbyggjarar som brukar digital postkasse. Det vil seie at dei får post frå kommunen og andre offentlege etatar på nettet i staden for på papir, heiter det i ei pressemelding frå Vestlandsforskning.


Nasjonal kampanje

Sogn og Fjordane er blant fylka der færrast har teke i bruk digital post.


Til gjengjeld er me det første fylket der kommunane tek tak i saka gjennom ein kampanje for å få fleire til å velje bort papir.


Tidleg denne veka sende kommunane ut e-post til alle innbyggjarane utan digital postkasse med ei oppmoding om å skaffa seg dette.


Vik, Førde og Hornindal koordinerer kommunane i regionen sin i samarbeid med Vestlandsforsking og Difi.


Sender brev

- I dag sender me ut brev i postkassen til 1.623 innbyggjarar, noko som kostar ti kroner per brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar me kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at alle innbyggjarar går over til digital postkasse slik at me sparer desse ressursane og ikkje minst miljøet, seier leiar for IKT og tenestetorg, Geir Svendsen i Vik kommune.


Praktisk for innbyggjarane

Kommunane trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen.


- Eg håpar innbyggjarar som ikkje har oppretta digital postkasse enno, kan setja av nokre minuttar til å gjere dette. Dei som treng hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakte kommunen - me hjelper gjerne til, seier Svendsen i pressemeldinga.


- Me fann ut at med det gode samarbeidet me har mellom kommunane i fylket vårt, og med Difi lokalisert på Leikanger, måtte me gjera noko med den dårlege statistikken, seier prosjektleiar Svein Ølnes ved Vestlandsforsking.


Samarbeid

Kampanjen er ein del av satsinga Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane der kommunane samarbeider med Difi for å auka bruken av digital post.


Arbeidet med å auka bruken av digital post i fylket er finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine fornyingsmidlar.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida