Vegvesenet startar snart rassikringsarbeid på fv. 303 ved Seimsdalstunnelen. (Foto: Statens vegvesen)

Skal montera fanggjerde

Stengjer vegen ein halvtime om gongen.

Publisert 16.06.2017 kl. 19.20. Oppdatert kl. 19.38.

Statens vegvesen skal dei komande vekene montera rasfanggjerde over tunnelportalen på vestsida av fv. 303 Seimsdalstunnelen. Dette rasfanggjerdet skal erstatta det eksisterande gjerdet over fjellskjeringa, og sjølve fjellskjeringa skal i tillegg sikrast med fjellboltar.

I samband med dette arbeidet, vil vegen bli stengd i ein halvtime om gongen frå måndag 19. juni klokka 11.00, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Fyrste del av arbeidet er boring og montering av fundament for rasfanggjerdet. Dette reknar ein med kjem til å ta tre til fire dagar. Deretter blir det eit opphald før montering av nett og resten av boltesikringa blir utført i veke 27.

Vegen blir opna for passering kvar heile og halve time. I tillegg er det lagt opp til at rutegåande bussar kan passera, og dei som då står i kø, kan få henga seg på kolonna forbi arbeidsområdet.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Årdal

Siste saker Gå til framsida