GRØN SATSING: Frå venstre: Trond Teigene (adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Svein Olav Myklebust (dagleg leiar i fotballkretsen), Frank Tore Tveit (fylkeskommunen), Tore Dvergsdal (regionbanksjef i Sparebanken Vest). (Foto: Inger Marie Lien/Sparebanken Sogn og Fjordane)

Skal laga dei grønaste kunstgrasbanene i landet

Alle kunstgrasbanene i fylket vårt skal få installert nytt miljøvenleg utstyr.

Publisert 08.09.2018 kl. 18.33.

Kunstgrasbaner med fyllmasse som renn ut i naturen har fått mange kritiske blikk mot seg den siste tida.

Løysinga som eit samarbeid i vårt fylke no går for, handlar om å resirkulera fyllmassen, ved å installera filter i alle avløpskummar rundt banane for å hindra at mikoplast hamnar i avløpssystemet.

Satsinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, fylkeskommunen og fotballkretsen. Midlane til å gjennnomføra prosjektet er det dei to bankane som stiller opp med.


Jobba systematisk

-  Me er veldig nøgde med å kunna rulla ut dette prosjektet. Vi har jobba systematisk med å få nøyaktige tal på klubbar, eigarforhold og tal kummar, og er det einaste fylket som har laga oss så god oversikt på behovet for granulatfilter, seier Frank Tore Tveit, konsulent i Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Vinterutfordring

Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i fotballkretsen, forklarer at mykje av avrenninga skjer om vinteren.

- I samband med vinteropne baner og snøbrøyting forsvinn det store mengder granulat ut av anlegga dersom ein ikkje har innarbeidd gode rutinar for snødeponering og tilbakeføring av granulat til kunstgrasbana når snøen smeltar. Der ein vel å ikkje brøyte, og der det er ein snøfattig vinter, er det langt mindre mengder granulat som forsvinn, seier han.


Ekstra gledeleg

- Me har tidlegare investert mykje i kunstgrasbaner i fylket, som også har fått kritikk på grunn av mikroplasten. Då er det ekstra gledeleg å endeleg kunne fortelje at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har blitt med i dette samarbeidet og jobba systematisk for å kunne gi eit best mogleg tilbod til klubbane, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Også Sparebanken Vest var veldig positive til å vera med på prosjektet.

- Det er viktig at me følgjer opp dei tidlegare prosjekta våre, og at bankane tek eit samfunnsansvar inn mot miljøet og bruken av plast i kunstgrasbanane, seier Tore Dvergsdal, regiondirektør i Sparebanken Vest.


Siste saker Gå til framsida