- MÅ TENKJA SEG OM: - Ved tiltak i kvikkleireområde må ein tenkja seg om kvar ein grev og utfører belastning på kvikkleira, seier Brigt Samdal i NVE. (Pressefoto)

Skal kartleggja kvikkleire

NVE har i årevis drive med kvikkleirekartlegging. No er turen komen til Vestlandet.

Publisert 06.02.2018 kl. 10.13.

- Ein starta på 80-talet og har kartlagt utsette område på Austlandet og i Trøndelag, Sør-Noreg og Nord-Noreg, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.


Elleve kommunar

Etter store kartleggingar i desse landsdelane, står Vestlandet for tur.


Kommunane Eid, Gloppen, Stryn, Naustdal og Førde har alle område som skal kartleggjast i høve kvikkleire i 2018. Slike undersøkingar skal også gjerast i seks kommunar i Møre og Romsdal i år.


Målet er å få kartlagt kvar det er kvikkleire slik at det kan takast omsyn til det.


- Ved tiltak i kvikkleireområde må ein tenkja seg om kvar ein grev og utfører belastning på kvikkleira, seier Samdal.


Tiltak

Bustadområde og landbrukseigedommar kan liggja i kvikkleireområde, då kan det vera naudsynt med tiltak.


- ikkje minst er det heilt avgjerande når det gjeld kommunane si arealdisponering i høve nybygg, infrastruktur og vegbygging, seier Samdal.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø