Sjåfør ville ikkje stogga for kontroll

Publisert 13.11.2017 kl. 16.58.

Statens vegvesen kontrollerte tunge køyretøy på E16 ved Håbakken måndag.


Ein kviterussisk sjåfør i eit litauisk vogntog vert meld for å ikkje stogga for skilta kontroll. Det viste seg at det var meir han måtte svara for. Vegvesenet avdekte brot på køyre- og kviletida, og det vart også gitt 5.600 kroner i overlastgebyr grunna overlast på ei aksling.


I kontrollen var det fleire sjåførar som fekk ein smekk. Ein norsk bussjåfør vart meld for å ikkje bruka sjåførkort i fartsskrivaren. Ein polsk vogntogsjåfør vart meld for å ha plassert bord og ein bag i frontruta som dekte delar sikta.


To køyretøy fekk tekniske manglar grunna feil på bremsesystem, og eit norsk vogntog fekk trafikkgebyr for å ikkje ha med seg tilstrekkeleg med kjettingar.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida