Sjåfør politimeld for overlast

Publisert 29.01.2018 kl. 12.53.

Vegvesenet stogga under ein kontroll E16 ved Ljøsne i Lærdal torsdag ein litauisk varebil med tilhenger, der mykje ikkje var som det skulle.


Sjåføren hadde overlasta varebilen så mykje at forholdet vart politimeldt. Vedkomande hadde ikkje nytta fartsskrivar og ikkje hadde gyldig internasjonalt godsløyve.


Sjåføren hadde også mange personbildekk i varebilen som han ikkje hadde fraktbrev eller papir på. Dette er sendt over til politiet for vidare etterforsking, opplyser vegvesenet.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida