Sjarmoffensiv mot ferske jegerar - tilbyr gratis jakt

Publisert 08.09.2018 kl. 18.55.

Landets største tilbydarar av jakt, Statskog og fjellstyra i Noreg, set i gang ein sjarmoffensiv mot ferske jegerar og gir bort gratis jaktkort til førstegongsjegerane.

Tilbodet om eit gratis jaktkort går til dei som har teke jegerprøven i år og kjem etter initiativ frå Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Halvparten av dei som tek jegerprøven kjem seg aldri ut på jakt.
- Håpet er at flest mogleg skal få ein enkel inngang til å prøva småviltjakt, og få gode opplevingar denne hausten. Ein haust som ser svært lovande ut for blant anna rypejegerar, særleg i Sør-Norge seier informasjonssjef i NJFF, Espen Farstad.


Les meir om: Nyhende Notis