Sjå video: Ragnar var fire meter frå å bli slukt av snøskredet

- Eg forstod ikkje kor ille det var. Alt skjedde så fort, seier 19-åringen.

Publisert 03.05.2018 kl. 16.10. Oppdatert kl. 22.31.

Vikjen, skiskyttaren og no raudruss, kan prisa seg lukkeleg over at skituren på Vardeggi 1.204 meter over Vollaviki vest i Vik kommune, fekk eit heldig utfall.


Det kunne gått retteleg gale.

Skredet gjekk ved Vardeggi i Vik.

Oppstyr

- Det var først då eg såg videoopptaket at eg fekk ein reaksjon, seier Ragnar Finden (19).


TV 2 omtala saka først.


- Det vart oppstyr etter TV-innslaget og det har nok vore med på å forsterka alvoret, seier Markus Røyrvik Rinde som var med på randonee-turen.


Det betyr å gå opp eit fjell for så å køyra ned att på ski. I ryggsekken låg dronen som filma det som skulle bli eit sensasjonelt opptak.

Markus Røyrvik Rinde og Ragnar Finden (t.h.) (Foto: Privat)

Vart skjelven

- Det tok litt tid før eg forstod kva som nettopp hadde skjedd. Og så var det so stilt, seier Røyrvik Rinde som stod igjen med ei stor utfordring.


- Eg var litt skjelven på tanken at eg skulle ned i same terrenget. Den turen gjorde eg så lett og fin som det berre gjekk an.


Det gjekk nokre dagar før kameratane synte opptaket til foreldra.


Autopilot

No håpar dei hendinga kan vera til skrekk og åtvaring.


- Kor nær var du det som kunne blitt ein tragisk skitur?


- Eg tippar at forspranget til skreda var nede i fire meter.


- Og du klarte å halda hovudet kaldt?


- Eg rakk ikkje å tenkja. Her var det autopiloten som overtok, seier Ragnar Finden.


Les meir om: Nyhende Video Fjellsport Vik

Siste saker Gå til framsida