Ola Weel Skram, hyllar mamma med rap og musikkvideo. (Skjermdump frå videoen)

Sjå Ola sin herlege hyllest til mammao

Ola Weel Skram si helsing til feiringa av mamma Birgits 60-årsdag går no sin sigersgang på internettet.

Publisert 17.07.2017 kl. 14.43. Oppdatert kl. 14.50.

Olas presang kjem seint men svært godt - snart fire månader etter sjølve dagen. 


«Det tok sin tid (bare fire mnd) - men i kveld skal ho feires med eit SMELL på hytta vår! I den anledning mamsen - så hyller vi deg», skriv han i helsinga på Facebook sist helg - med lenke til ein herleg video i gangstarap-stil, som han har skrive sjølv og som han framfører saman med kompisar og søstene Ida og Eva.


Musikkvideoen kan du sjå i videoruta under:



Les meir om: Nyhende Musikk Sogndal