TILBAKE I SOGN: Skambankt står på scena under Vekao 2018. Her frå Målrock i fjor. (Foto: Arkiv)

Sjå kven som kjem tilbake til Vekao

Skambankt er eit av toppbanda som kjem til Sogndal under Vekao 2018.

Publisert 24.10.2017 kl. 12.02.

- Me er godt nøgde med at Skambankt, som er eitt av dei store rockebanda i Noreg kjem, seier Vekao-sjef Fredrik Øvstedal.


Planlegginga av neste års festival er i full gang og sidan Skambankt presenterer sine turneplanar i dag, er det ikkje lenger noko hemmelegheit at dei også legg turen innom Sogndal. Billettsalet startar fredag. 


- Resten av vekaoprogrammet blir lansert i januar slik det brukar, seier Øvstedal.


 


Rock på dialekt

Skambankt har spelt på Meieriet fleire gonger før. Bandet frå Jæren blei starta på midten av 90-talet. Bandet syng på dialekt og frontfiguren er Terje Winterstø Røthing. Han er mest kjent som gitarist i Kaizers Orchestra og lenge var Skambankt hans sideprosjekt.


- Me ynskjer oss mest mogleg variert musikk og artistar til Vekao. Me ynskjer å treffa både studentar og lokalbefolkninga, seier Øvstedal om bookingane. 


- Festivalen er under utvikling, og vil gjerne ha nye element kvart år, men basisen er den same, det blir inga total endring i 2018. Der blir konsertar nesten kvar kveld og ulike dagarrangement. 


 


Høgskulen på Vestlandet

2018-utgåva av Vekao blir arrangert 8.- 18. mars. For første gang under paraplyen til Høgskulen på Vestlandet (HVL). 


Vekaosjefen trur ikkje dette fører til endringar for Vekao sin del. 


- Eg er usikker, men førebels har me berre hatt eit positivt samarbeid med Saman og HVL, me har ikkje merka store endringar frå dei, seier Øvstedal. 


 


 


 


Sponsorkontakt

Han seier at budsjettet er ganske likt frå år til år.


- Me er avhengige av at sponsorane er velvillige. Sjølv om det har vore nedgangstider på Vestlandet dei siste åra, verkar det som om Vekao har eit greitt grep på sponsorane. Dei verkare å vera positive og me set stor pris på dei, seier vekaosjefen. 


Siste saker Gå til framsida