Sjå bilete frå Vinterleikane

Det var mange glade andlet å sjå då Vinterleikane gjekk av stabelen sist veke.

Publisert 19.02.2018 kl. 16.05.

Folk frå heile Indre Sogn samla seg for å ha det sosialt, aka, stå eller sitja på ski, gå natursti og grilla. I mange år har studentar på Høgskulen på Vestlandet saman med Norsk Forbund for utviklingshemma (NFU) arrangert vinterleikar på Sogn Skisenter, Heggmyrane i Luster.


- Her er mange søte gutar, ler Siv Katrin Holen Eikeland frå Leikanger medan ho er på sporløp. Ho har ikkje bestemt seg for om ho vil prøva ski, men når avisa møter ho seinare er ho spent fast i ein skistol, og ein vernepleiestudent er klar til å ta ho med i trekket.


Ingrid Marte Moen bur i Gaupne og har vore med på Vinterleikane i seks år.


- Det er bra å vera med, men eg skal ikkje gå på ski. Skreiing er kjekkare. Og så har eg laga ein snømann.


Sjå bildeserie øvst i denne saka


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida