Inviterte heile bygda på påskeeggjakt

Årets påske baud på fleire fine dagar. Mange brukte desse til turar i fjellet, og i Undredal samla folk seg til påskeeggjakt. Sjå påskebilete i bildeserien over.

Publisert 19.04.2017 kl. 14.47. Oppdatert kl. 14.50.

Undredal ungdomslag arrangerte - i god tradisjon - påskeeggjakt for heile bygda. Heile 70 personar møtte opp i det fine vêret, noko som er ny rekord.


Eggleitinga i Undredal føregår på ein ny stad kvart år. Denne påsken enda dei opp på Røsshaug, ein fin slåtteteig med krattskog, rydningsrøyser og utsyn over bygda og fjorden.


I bildeserien øvst i denne saka kan du sjå bilete frå eggleitinga i Undredal og andre flotte påskebilete frå Sogn. Fleire påskebilete frå lesarane av Sogn Avis kan du sjå her på Instagram.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida