Sjå bilete frå 17. mai - desse får Flaxlodd

Slik var 17. mai i Sogn.

Publisert 17.05.2018 kl. 10.28. Oppdatert kl. 11.32.

17. mai kom med strålande vêr, korpsmusikk, tog, leikar for borna og is. Nokre tok seg også ein fjelltur med flagg i sekken.


Som takk for hjelp til å syna fram feiringa i Sogn, vil me dela ut Flaxlodd til to av dei som tok bilete og sende til oss. Dei to heldige denne gongen vart Øyvind Listou og Stein Harald Lilleøren.


Dei innsende bileta kan du sjå bildeserien øvst i denne saka. Nokre har også stått på trykk i papirutgåva.


Vil du dela bileta dine på Instagram med lesarane av Sogn Avis, kan du merka dei med #sognavis.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida