NYTT OG GAMALT: Gaularfjellsvegen er 80 år, og det vert markert på Utsikten laurdag med blant anna konsert av Sigrid Moldestad.

Sigrid skal syngja på Utsikten

- Det blir magisk.

Publisert 24.08.2018 kl. 06.01.

Gaularfjellsvegen er 80 år og det vert markert skikkeleg på Utsikten laurdag 25. august. Blant anna skal det avdukast eit minnesmerke som viser litt av det fantastiske arbeidet som vart lagt ned i bygginga av vegen.


Bok og song

- Me har invitert Magny Gjermundstad, som er enke etter ein av arbeidarane på vegen, til å koma og avduka dette saman med fylkesordføraren, ordførarane i Gaular og Balestrand, Nasjonal turistveg og vegvesenet, opplyser Marianne Hoff i arrangementskomiteen.


Ho fortel også at Johs. B. Thue skal snakka om boka om Gaularfjellet som han skriv på. Og sist, men ikkje minst så blir det konsert med Sigrid Moldestad.


- Tenk å sitja på Utsikten og høyra på ho syngja. Det blir magisk, seier Marianne Hoff


Hoff.


Les meir om: Nyhende Balestrand