KONTRAKT: Tone Oppedal frå Statens vegvesen Region vest ynskjer Kruse Smith Entreprenør AS, her representert ved Ove Rune Varhaug, lykke til med Goteviktunnelen. (Foto: Statens vegvesen)

Signerte kontrakten på Goteviktunnelen

Goteviktunnelen skal drivast frå båe endar.

Publisert 10.11.2017 kl. 17.13. Oppdatert kl. 17.14.

Det opplyser avd. leiar i Kruse Smith Entreprenør AS, Ove Rune Varhaug.


Close race i toppen

Kruse Smith henta heim totalentreprisen med eit tilbod på 360,4 millionar kroner. Det er omlag elleve millionar kroner lægre enn bodet frå næraste konkurrent.
Entreprenøren reknar med at 60 til 70 personar vil vera engasjerte på tunnelanlegget. Kruse Smith har behov for innkvartering til rundt 24 personar i Vik. Det vil bli løyst gjennom etableringa av ein brakkerigg.


Lang tunnelfartstid

Kontraktsigneringa gjekk føre seg på Regionvegkontoret på Leikanger fredag.
Leiar Tone Oppedal i Styrings- og strategistaben signerte på vegner av regionvegsjefen. Frå entreprenøren stilte avd. leiar Ove Rune Varhaug i Kruse Smith Entreprenør AS.
Sistnemnde opplyser at Kruse Smith har lang erfaring frå andre rassikringsprosjekt, også anlegg som involverer tunnel. Entreprenøren bygde i si tid Amlatunnelen ned til Mannheller.


Massetransporten

Entreprenøren skal driva 2,9 km lange tunnelen frå båe endane.
Det blir opplyst at riggmannskapet skal halda framdrift gjennom Galden ved å veksla mellom dei to tunnelendane.
Det blir ei utfordring å transportera den utskotne massen frå tunnelstuffane gjennom Vik sentrum til øvst i Bøadalen, på Kålsete.
Dette er det arbeidd mykje med å førebu. Det ligg såleis solide planar for transporten på bordet innan oppstarten.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik

Siste saker Gå til framsida