Signerte aldri gigantmåleriet

- Han var ikkje heilt nøgd sjølv, men me tykkjer det er flott.

Publisert 11.02.2017 kl. 08.00.

Det seier Jack Eggum og syner fram eitt av dei største måleria som heng på ein vegg i Sogn.


To månader

I andre høgda, i Salongen, i Sognefjord Hotel er fem plater smelta saman til eit stort måleri.


- Det er Nikolai Astrup d.y. som har målt dette. Han brukte to månader og gjorde jobben i 1965, fortel Jack Eggum.


Biletkunstnar Nikolai Astrup d.y. (1931-1990), som vart fødd i Telemark, hadde fleire studieopphald i Paris 1954-1957, og gjorde også studiereiser til Afrika og fleire europeiske land. Astrup debuterte med separatutstilling i Paris 1955, og hadde også separatutstillingar i Baltimore Museum of Art og Maryland Institute of Art i USA.


Han hadde også separatutstilling i galleri Kaare Berntsen i Oslo i 1961, og dekorasjonsarbeid på Astrupgården i Oslo 1956. Midt på 1970-talet busette han seg fast i Hyen, der han hadde hytte. Den meir kjende namnebroren Nikolai Astrup frå Jølster var onkelen hans.


Avtale

Foreldra til Jack Eggum, Aslaug og Agnar, var inviterte opp til Jølster for å vitja nokon kjende. Under opphaldet i Sunnfjord kom dei blant anna i eit selskap med biletkunstnaren.


- Astrup og far min vart gode vener og det enda med at dei avtalte at Astrup skulle koma ned her til Leikanger og måla eit veggmåleri som skulle visa fjorden og brear, fortel Jack.


Astrup kom til Sogn og fullførte avtalen.


- Han var ikkje heilt nøgd med resultatet sitt, så biletet vart aldri signert, fortel Jack. Sjølv om kunstnaren ikkje var nøgd med det han såg, var hotellfamilien Eggum godt nøgde. Måleriet har følgt dei i fem tiår.


Måleriet har sett spor etter seg i mange stover rundt om.


- Mange brurepar valde å ha festen her, og me var fullboka ofte eitt år i førevegen. Det er mange par som har hatt dette måleriet som bakgrunn for bryllaupsbileta sine, seier Siv Britt Eggum.


Detaljar

Biletet har fjordar, brear og fjell som motiv. Men kvar i Sogn er motivet henta frå?


- Eg har blitt fortalt at biletet skal visa Fjærlandsfjorden og Sogn, men eg ikkje heilt sikker på at eg kjenner meg att alle plassar, smiler Jack Eggum om skatten han syner fram til gjestene sine på fjordhotellet midt i Sogn.


Les meir om: Nyhende Video Kultur Leikanger

Siste saker Gå til framsida