Ifølgje politiet er det ikkje noko som tyder på at nokon vart tekne av dette skredet i Jostedalen. (Foto: Jostein Aasen)

Sendte ut rednings-mannskap etter snøskred i Jostedalen

Torsdag gjekk det eit snøskred over fylkesveg 334 ved Fåberg i Jostedalen.

Publisert 15.02.2018 kl. 12.32. Oppdatert kl. 15.17.

Eit stort snøskred gjekk ned Flåi og kryssa riksvegen, mellom Elvekrok og Fåberg.


Politiet fekk melding klokka 11.40 torsdag. Meldinga var av ein slik karakter at i samråd med Hovudredningssentralen vart det slått full alarm. Det var uvisst om folk var tekne av skredet.


- Me har fått inn to uavhengige meldingar om skredet. Det er eit stort skred som har gått, i eit område som er populært for frikøyring på ski. Det er observert skispor inn i området. Me det er uklarheit kring desse. Me har ei patrulje på staden no og avventar tilbakemelding, seier Lars Geitle ved operasjonssentralen til Vest Politidistrikt. 

Redningsmannskap vart kalla ut etter at det gjekk eit stort snøskred i Jostedalen, her ved Fåberg. (Foto: Wenche Schanke Eikum)

Gjer søk i området

Politi, ambulanse, brann, Raude Krossen si skredredningsgruppe samt Norske redningshundar vart kalla ut.
- Me har valt å kalla ut alt av tilgjengelege ressurssar, då situasjonen endå er uklår, men fortsatt av eit slikt omfang. Me har ingen konkrete meldingar på at folk er sakna eller tekne av skredet. Me avventar tilbakemelding frå staden, seier Geitle.

Luftambulansen og SeaKing landa på staden, dei har også med seg lavinehund frå norske redningshunder.
Det vart gjort søk i området, og gjort vurderingar kring faren for nye skred.

Klokka 14.18 meldte politiet at søket i skreda er avslutta, og det er ingen ting som tyder på at nokon er tekne av skredet.

(Kart: Ut.no)

100 meter breitt

Snøskredet er over 100 meter breitt og tre meter høgt. Dei store snømengdene kryssar fylkesvegen.


Varsom.no melder skredfare 3 i området.


Det er sendt ambulanse og luftambulanse til staden. Øvrige naudetatar og frivillige er også på veg. Aksjonen vert styrt av Hovudredningssentralen, opplyser Helse Førde.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida