SENDING: Gaularfjellet og Utsikten kjem i fokus når NRK riggar seg til på betongflaket 700 m.o.h. (foto: Arkiv)

Sender direkte frå Utsikten

Betongflaket på Gaularfjellet vert synt fram i beste sendetid.

Publisert 20.08.2018 kl. 19.45.

Førstkommande torsdag, 23. august, sender NRK programmet «Norge nå» direkte frå Utsikten.


Suksess

- Utsikten på Gaularfjellet er eit eksempel på ein ny, norsk reiselivssuksess. Satsinga på Nasjonale turistvegar har vakt internasjonal interesse og skapt ny turisme i nye område, seier produsent Oddgeir Øystese i ei pressemelding.


Produsenten opplyser at dei i programmet skal snakka med både dei som står bak satsinga, og bedriftene i Sogn og Sunnfjord som skapar aktivitet kring vegen. I tillegg kjem administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge på besøk for å fortelja om kva eigentleg vegen vidare er for reiselivet på Vestlandet,


Talkshow

«Norge nå» er eit direktesendt talkshow og programleiar for sendinga frå Utsikten er Tarjei Strøm.


Les meir om: Nyhende Balestrand

Siste saker Gå til framsida